Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga
Ei musikalsk og litterær vandring i livet og diktinga til Halvor J. Sandsdalen Hæge Manheim og Oddbjørn Aase inviterer til ei nær og levande framsyning med dikt, viser, forteljingar og humor frå ein av dei store diktarane frå Seljord – Halvor J. Sandsdalen (1911–1998).
Halvor J. Sandsdalen skreiv om livet slik han kjende det. Om kvardagen, menneska, naturen og samfunnet – sett frå småkårsfolket si side. Diktinga hans rommar både varme og vemod, underfundig humor, satire og skarpe spark til dei som sit med makta.
I framsyninga møter me Sandsdalen gjennom både tonesette dikt, korte dikt og prosatekstar. Hæge Manheim og Oddbjørn Aase tek oss med inn i eit rikt forfattarskap der det tilsynelatande vesle ofte fortel om dei store spørsmåla i livet.
Det blir ei enkel og nær stund med song, opplesing og levande musikk, framført av to utøvarar med gitar, trekkspel og ukulele.
Ein diktar verd å bli kjend med
Halvor J. Sandsdalen voks opp på eit småbruk i Seljord som nummer 17 av 20 sysken. Han arbeidde som skogs- og landarbeidar før han for alvor gjekk inn i forfattarskapen. Han debuterte som lyrikar i 1946 og gav gjennom livet ut mellom anna 15…
Kilde · Billetto
Forvent en ladet, engasjert mengde. Kommer du tidlig, får du de gode plassene. Energien er varen. Ta det med ro; toppen kommer senere enn du tror.
Prisnivået er moderat, og Event åpner Thu 17:00. Du finner den i Scheen Teaterselskab — kvartalene rundt bærer samme energi, så kvelden trenger ikke ende pén adresse.
Åpningstider, stemningen, hvordan du kommer inn, hva som er godt på menyen — spør om hva som helst om Eg diktar ikkje – eg fortel berre sanninga.